Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
Meld deg på nyhetsbrevet
Økonomi

Pensum for liberale

Fosli lyfter fram røyster som er heilt naudsynte å få fram om me skal forstå korleis det fleirkulturelle samfunnet verkar, og kva som konkret skaper integreringsproblem, og kva som kan gjerast for å løysa problema, skriver Lars Gauden-Kolbeinstveit i Dag og tid.

Publisert: 23. oktober 2015

Av Lars Gauden-Kolbeinstveit, filosof i Civita.

Konkrete røynsler frå det mest innvandrartette stroket i Noreg må me lytta til.

Særleg dei som meiner innvandring berre er eit gode for det norske samfunnet, bør lesa boka Fremmed i eget land.

Halvor Fosli har intervjua om lag tjue etniske nordmenn som anten bur eller har vore busette i Groruddalen. Intervjuobjekta er anonymiserte. Ein del har vore kritiske til Foslis utval, men andre, som til dømes sosiolog og skribent Alexander Z. Ibsen, har sagt at slike utval har sine manglar, men at det er normalt i kvalitative undersøkingar i sosiologien. Dessutan, svak metode eller ikkje, Foslis bok fortel noko svært viktig og interessant frå Groruddalen. Boka peikar på høgst relle intergreringsutfordringar som ein må taka på alvor – av omsyn til både innvandrarar og etniske nordmenn.

Det er naivt å tru at god integrering berre handlar om gode haldningar og antirasisme. Haldningar spelar sjølvsagt ei rolle, men gode haldningar er ikkje ei stor mangelvare i den norske ålmenta. Boka syner oss ikkje berre kva vanlege etniske nordmenn i Groruddalen meiner om innvandring – her er det konkrete røynsler. Og det er desse me må lytta til.

Det er i Groruddalen det bur flest innvandrarar i Noreg. Nokon av dei som er intervjua, er litt vèl harde i klypa og svartmålar kan henda situasjonen i Groruddalen litt mykje. Nokon har så traumatiske erfaringar at dei vert illiberale: «det er ikke mulig å være moderat muslim», seier éin, men kva som er årsaka til desse illiberale haldningane, kan openbert diskuterast.

Ei av dei som er intervjua, er læraren «Gudrun». Ho er moderat og typisk norsk. Ho representerer også ei liberal, men ikkje naiv røyst. Ho hevdar mange nordmenn er altfor kritiske til innvandring og har for mykje fordomar.

Ho har nok mykje rett, men ho stoggar ikkje der. Ho smykkar seg ikkje med å seia at innvandring er positivt. Ho er oppteken av kva me konkret må gjera for å betra integreringa. Då kan me ikkje sleppa inn for mange på ein gong. Me kan ikkje akseptera for mykje særreglar, og me kan ikkje tru på liberale idear om at kultur og religion berre er ei privatsak. Idear om at staten må vera nøytral og likebehandla innbyggjarane, er viktige liberale prinsipp, men desse prinsippa held ikkje alltid i møte med røyndomen.

For staten er ikkje berre nøytral. Me talar eit språk – norsk. Veka har sju dagar som i Bibelen, og sundag er kviledag. Skulane held stengt i jula, påsken og pinsen. Slik sett kan eg godt skjøna muslimar som rister på hovudet når det vert sagt at Noreg ikkje er eit kristent land. Alle desse ikkjenøytrale offentlege ordningane pregar liva til folk heilt konkret. Om skulane held stengt i jula, kvifor ikkje i høgtidene til andre religiøse? Om me er fleksible, kan ein løysa mykje, og det gjer ein dag, men ein kjem ikkje unna konfliktane. Då må nokon få nei – og dei som meiner at norske tradisjonar aldri skal ha ein viss forrang, skal argumentera godt for seg.

Dersom me i namnet til liberalismen og nøytraliteten tillèt alle mogelege ynske, vil det lett skapa mange praktiske problem i skulane og arbeidslivet. I tillegg er det ikkje nok at berre staten er grunnleggjande liberal – om ikkje verdiar om likebehandling og likeverd også gjennomsyrer sivilsamfunnet, har me eit problem.

Mange av dei som er intervjua, peikar på tempoet i innvandringa som eit særskilt problem. Kjem det for mange og dei bur for tett, vert integrering vanskeleg. Problem som gjeld nokre få, er lettare å løysa. Éin elev som forsvinn til opphavslandet over lang tid, er lettare å stansa eller oversjå enn fleire. Éin elev som nektar for at holocaust skjedde, er ikkje greitt, men det er handterleg.

I boka kjem det fram at skular i løynd deler inn klassar etter etnisitet for å dempa konfliktar og hindra at dei få norske som er att, flytter ut. Kva som dannar sjølve grunnlaget for at skuleleiarar i det heile teke vurderer slikt, må drøftast. Det er liten grunn til å tru at skuleleiarar ikkje forstår at det dei gjer, er tvilsam praksis – dei har konkrete problem som dei løyser så godt dei kan. Fosli svartmålar ikkje det norske ordskiftet om innvandring, men han kunne nemnt at det kunne vore mykje verre.

Samstundes er det truleg mange som – med meir eller mindre gode grunnar – meiner at debatten om innvandring vert snevra inn av velmeinande menneske med høg sosial og kulturell kapital. Slike som talar om til dømes «ytringsansvar».

Og her er Fosli god. Han lyfter fram røyster som er heilt naudsynte å få fram om me skal forstå korleis det fleirkulturelle samfunnet verkar, og kva som konkret skaper integreringsproblem, og kva som kan gjerast for å løysa problema.

Anmeldelsen er på trykk i Dag og tid 23.10.15.

Publisert: 23. oktober 2015
Innvandring Integrering
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

skole barn
Kristin Clemet

Oslo-skolen ble beskyldt for mye. Nå vet vi mer om hva som skjedde.

Forskningsfunnene er både positive og interessante.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
stat moral lov
Kristin Clemet

Vi trenger ikke en moraliserende stat

Moralsk kritikk bør primært formuleres av sivilsamfunnet. En moraliserende stat vil i verste fall undergrave respekten for statens viktigste oppgaver, som blant annet er å lage lover og regler.
Likestilling og feminismeNæringsliv
Statistikk Entreprenør
Steinar Juel

SSB og forskning på ulikhet

Innlegget fra SSB-forskerne omgår det jeg undret meg over.
ØkonomiUlikhet
Penger vekst
Jon Nicolaisen

Revidert galskap

Til syvende og sist må gildet gjøres opp. Hvis regjeringen og Stortinget ikke vil gjøre den jobben nå, må fremtidens næringsliv, skattebetalere og låntagere ta regningen for galskapen.
Økonomisk politikkOffentlige utgifterØkonomiFinanspolitikk
skole lærer
Kristin Clemet

Skolen er til for elevene – ikke omvendt

Tonje Brennas innlegg i friskoledebatten holder dessverre et svært lavt presisjonsnivå. Det er politisk agitasjon og argumenter som er grepet ut av luften.
Private i velferdenSkolepolitikkUtdanning og forskning
Tomme stoler i et auditorum
Torkel Brekke

Tenk om forskningen var dominert av dem som stemmer Høyre, KrF og Frp. Man ville fått en annen debatt.

Det som er pussig, er at forskere som identifiserer seg med venstresiden, ikke har fantasi til å forestille seg at situasjonen var snudd på hodet.
IdeerForskning

Nyhetsbrev og invitasjoner

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
civita@civita.no
Civita logo